Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Verdas vassdag

Brusdalsvannet web

Torsdag 22. mars er det verdas vassdag, og temaet i år er natur for vatn. Vi markerer dagen med å dele ut gjenbrukbare vassflasker og informere.

Verdas vassdag markerast for å sette lys på kor viktig vatn er globalt. I Noreg har vi tilgang til reint vatn som er trygt å drikke rett i heimen, og kommunane arbeider kvar dag for at innbyggjarane alltid skal ha tilgang til tilstrekkeleg vatn av god kvalitet. Du kan lese om arbeidet vatn, avløp og renovasjon (VAR) i Ålesund kommune gjer på nettstaden vår.

 

Vasskjeldene i Noreg er stort sett overflatekjelder, som Brusdalsvatnet er for oss. At vi i størst mogleg grad bevarer naturen i sin opphavlege tilstand gir godt vern av råvatnet og aukar kor robust vassforsyningssystemet er, fortel Bjørn Skulstad som er fagleg leiar i VAR.

 

 

natur for vatnworldwaterday

Årets tema utforskar elles naturensi rolle i globale utfordringar med vatn. Det handlar om å ta vare på økosystem, om å stoppe miljøskader og naturbaserte løysingar på vassutfordringar som å kople elvar saman med elvesletter igjen.

FN som erklærte 22. mars verdas vassdag har meir informasjon. Dei har også laga ein animert video som fortel meir om temaet, om utfordringane og om løysingar.

Vil du ha ei vassflaske?

Vi markerer dagen med å dele ut gratis vassflasker. Om du vil ha ei, kan du kome til rådhuset og vende deg til Servicetorget.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119