Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Nettbuss på kurs om demensvennlegheit

DemenskursNettbussjoforane

Lista over demensvennlege organisasjonar i Ålesund fortset å vekse. No har Nettbuss også vore på kurs om korleis å møte personar med demens.


Nettbuss køyrer bybussen i Ålesund. Det gjer dei på oppdrag frå fylket, under merkevara FRAM. På rekke og rad sat sjåførane samla for å forbetre kunnskapen sin og lære meir om demens og korleis det er å leve med sjukdomen.

Bussjåførane viktige for heilskapen

Problema personar med demens utviklar kan gjere at det ikkje lenger er mogleg for dei å køyre bil. I Helse- og omsorgsdepartementet sin Demensplan 2020 kan vi lese at gode kollektive transportmiddel må vere ein del av det heilskaplege tenestetilbodet.

I tilfelle der sjukdomen har kome så langt at det vert meir alvorleg, kan ein bussjåfør med god kunnskap om kva han skal gjere i situasjonen vere til stor nytte. Korleis sjåførane skal handle i slike situasjonar var blant det dei lærte på kurset.

Finn ut meir om kurset

Kurspakken er laga av Nasjonalforeningen for folkehelse, og deltakarane på kurset lærer kva demens er, korleis dei kjenner att symptoma, og korleis reagere på ein respektfull og forståande måte i ulike situasjonar. Den første delen av kurset er teoretisk, med ein presentasjon og ei videovisning. I andre del skal dei som er med på kurset delta på øvingar. Kurset er ein del av prosjektet om å gjere Ålesund til ein meir demensvennleg by.

Vi skreiv òg ei sak i februar då Atlanterhavsparken var på demenskurs.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119