Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Informasjonsmøte om felles avlaupsrenseanlegg

IMG 9187

Sula kommune inviterer til opent informasjonsmøte om planlegging av nytt felles avlaupsrenseanlegg for Ålesund og Sula kommune 5. mars kl. 17.00 på Sula ungdomsskule.

 

Det vert holdt faglige innlegg som vil gje grunnlag for å sette seg inn i saka og utgreiingane som er gjort. Dei som møter vil få høve til å stille spørsmål etter innleiingane. Møtet vil verte overført på kommune-tv.


Program for møtet er som følgjande:

Kl. 17.00: Opning og velkomst ved ordførar

Kl. 17.10: Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/miljøvernavdelinga. Innleiinga vil ta utgangspunkt i Fylkesmannen si rolle etter Forskrift om begrensing av forurensing (forurensingsforskriften.

Kl. 17.30: Norconsult AS. Norconsult AS har utarbeidd forprosjekt/skisseprosjekt for renseanlegg lokalisert til Solavågen og på Kvasnes og vil orientere om undersøkingar og planer for overføringsleidningar og renseanlegg. Forprosjekt for overføringsanlegg tek utgangspunkt i lokalisering på Kvasnes.

Kl. 18.00: Purenviro v/ Dr.ing Knut Wiik. Purenviro leverer tjenester og løsninger for å håndtere industrielle utslipp til luft. Wiik vil orientere om erfaringar med handtering og planlegging av utslipp til luft frå renseanlegg og om mellombels analyse for eit eventuelt anlegg på Kvasnes.

Kl. 18.15: Molvær resipientanalyse v/ Jarle Molvær. Jarle Molvær har lang erfaring med kartlegging og resipientvurderingar. Molvær vil i sitt innlegg ta utgangspunkt i rapportane utarbeidd i tilknyting til planlegging av nytt renseanlegg. Innlegget tek sikte på å gje grunnlag for å forstå dei faglege vurderingane som er gjort i høve til val av resipient.

Kl. 18.40: Kort pause

Kl. 18.45: Open spørsmålsrunde Frammøtte vil få mulighet til å stille spørsmål i tilknyting til dei faglege innlegga. Ordførar  og administrasjon vil i tillegg svare på eventuelle spørsmål om planar for politisk handsaming av saka vidare.

Kl. 20.00: Avrunding v/ ordførar (Illustrasjonsfoto i saka er fra renseanlegget på Hessa, Ålesund.) 

 

(Illustrasjonsfoto i saka er fra Hessa renseanlegg, Ålesund.)

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119