Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Slutt på nattestenging i Ålesundstunnelane

stengt tunnel statens vegvesenFrå 1. mars (natt til 2. mars) blir det slutt på nattestenginga av Ellingsøy- og Valderøytunnelen frå klokka 24.00 til 04.30.

- Det er frå midnatt til halv fem om morgonen at det blir  kolonnekøyring kvar heile time frå Ålesund og kvar halve time frå Valderøya, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Kolonnane går frå Ålesund kl. 01.00, 02.00, 03.00, 04.00 og frå Valderøya kl. 00.30, 01.30, 02.30, 03.30.

Tilbake med kolonnekøyring

Elles blir trafikkavviklinga som før, kolonnekøyring med inntil 20 min ventetid frå kl. 20.00-24.00 og kl. 04.30 til 06.00. Tunnelane er open på dagtid får kl. 06.00-20.00.

Endringar i hurtigbåttidene

Frå 1. mars blir det også nokre endringar av avgangane til hurtigbåten frå Godøya. Sjå nærmare på dei nye tidene i FRAM sin rutetabell.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119