Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Atlanterhavsparken er demensvennleg

Foto: Atlanterhavsparken. F.v. Finn Refsnes, Ruth Marit Pettersen, Ingrid Bjørlo Landgren, Britt Giske Andersen, Einar Wiik, Siv Katrin Ulla, Tommy Vangsmo, Anders Giske, Trond Østrem, Britt Gjerde, Tor Erik Standal, Rune Veiseth.

Atlanterhavsparken blir med i lista over demensvennlige organisasjoner i Ålesund. 

Dei ansatte i Atlanterhavsparken har vore gjennom kurs for å lære korleis dei best kan møte gjestar i parken som har demens. Atlanterhavsparken har tidlegare vorte kåra til nordens beste akvarium, og er også i år nominert til same prisen. Kurset som dei tilsette ved akvariet har vore med på er ein del av arbeidet med å få Ålesund til å verte ein demensvenleg by. 

Gode opplevingar som Atlanterhavsparken kan vere ein veldig god ting for personar med demens, tross for at dei kan fort gløyme kva dei har gjort.

- Den gode kjensla når du vert møtt med respekt vert tatt med vidare, sjølv om personen har demens og kanskje ikkje hugsar alt frå minutt til minutt. Personar med demens som bur heime er ofte i tidleg fase, så desto viktigare å få vere med i dagleglivet og ha ei meiningsfylt fritid, seier Siv Katrin Ulla, prosjektleiar frå Ålesund kommune.

Helsedirektoratet har også peika på studier som viser at engasjerande aktivitetar kan vere med på å førebygge mot demens. Om du ser på tala på landsbasis og bryt dei ned til ein by på storleik med Ålesund vert det anslått å vere omkring 700 personar med demens i byen. Mange er då personleg berørt. Kursing vil difor også kunne ha ringverknadar utanfor arbeidsdagen. 

 

Kurset

demens kurs atlanterhavsparken

Kurspakken er laga av Nasjonalforeningen for folkehelse, og i kurset lærast det korleis ein kjenne att demenssymptomar i personar, og korleis behandle personar med symptoma med respekt og forståing.

 - Vi synes dette var veldig nyttig og lærerikt. Korleis forstå og møte personer med demens er viktig kunnskap, seier Britt Andersen, sal og produktutviklar for Atlanterhavsparken.

Kursinga vert gjort av personar med erfaring og kompetanse på området for å få en god kvalitet på det. En person med kompetanse kan for eksempel være ein sjukepleiar som har erfaringar med personar som har demens. 

Tidlegare har andre organisasjonar også vore gjennom same kurset. Desse inkluderar Ålesund parkering, symjehallen, biblioteket og brannvesnet. 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119