Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Kven fortener Årets Reiselivspris?

brosundet turistKjenner du ein person, ei bedrift eller ein organisasjon som har bidratt til å synleggjere reiselivsnæringa i Møre og Romsdal? Då vil vi gjerne høyre frå deg innan 5. mars.

Det er Møre og Romsdal Reiseliv som deler ut prisen «Årets Reiselivspris».

Møre og Romsdal Reiseliv er ein paraplyorganisasjon for dei tre destinasjonsselskapa i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er også medlem.

- Vi ser etter kandidatar som er nyskapande eller som har greidd å tenke marknad og internasjonale trendar for å marknadsføre fylket som eit spennande reisemål, seier rådigvar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther Sørheim.

Kven kan få prisen?

  • Ei bedrift som vore kreativ og nyskapande i utvikling av bedrifta eller produktet i tråd med etterspurnad og internasjonale trendar
  • Samanslutning av bedrifter som har arbeidd for å vidareutvikle og marknadsføre Møre og Romsdal som eit spennande reisemål
  • Ein person som ein god ambassadør for Møre og Romsdal.

Prisvinnaren må vere økonomisk levedyktig, og ha positiv eigenkapital.

Korleis foreslå ein kandidat?

Du må besøke fylkeskommunen si heimeside for å kunne sende inn ditt forslag til "Årets Reiselivspris" 2018.

Fristen er måndag 5. mars.

 

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119