Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Skal engasjere unge

LinMathias Kulturkonsulenter

Lin og Mathias jobbar som kulturkonsulentar i Ålesund kommune. No skal dei lage tilbod for unge folk og styrke kulturlivet i kommunen.

Lin Marie Norberg Jacobsen og Mathias Tvedten meiner det er eit stort potensiale i Ålesund som står ubrukt, og vil gjere noko med det. Målgruppa dei ynskjer å nå er folk mellom 13 og 26 år, og målet deira er å få organisert det denne gruppa vil drive med. Dei har allereie satt i gang med prosjekt, og har fleire i kartleggingsfasen for augeblikket. 

- Om nokre veker vil vi kome med fleire konkrete tilbod, fortel Lin og Mathias.

Lin har fagskuleutdanning i dans og musikkteater, og er også utdanna i PR og marknadskommunikasjon. Mathias har utdanning som faglærar i klassisk song og eit årsstudium i musikk. Dei har begge også gått på Bårdar Akademiet i Oslo. Tidlegare har dei også mykje praktisk erfaring frå show og undervisning.

Prosjekta dei no skal jobbe med skal vere for å la ungdom utvikle seg, for å oppleve og ha det gøy og for å møte andre med same interesser.

VIL HA EIT OMFATTANDE TILBOD

Tilbodet vil Lin og Mathias at skal vere bredt. Dei ynskjer at Ålesund skal ha eit vidt kulturtilbod til unge, og vil fortelje publikum at uansett interesse, så ynskjer dei at du tek kontakt. Enten det er skating og sjakk eller musikk og dans er dei opne for å hjelpe.


- Vi planlegg for eksempel å halde ein e-sport event, som er den raskast veksande sporten blant unge no. Vi vil knytte e-sport og kultur sammen med næringslivet. Vi har også snakket om å kanskje ha en sjakkturnering og basketball også, fortel Lin. 

For Mathias og Lin er det òg viktig å seie at tilbodet med å få satt i gang og organisere interesser gjeld heile Ålesund, ikkje nødvendigvis berre sentrum eller Moa. 

- Vi vil ta prosjekt for heile Ålesund. Om nokon til dømes vil ha ein workshop på Blindheim ungdomsskule så er det gøy, seier Mathias.

VIL DU FÅ NOKO ORGANISERT?

Om du har ein idé til noko som kan arrangerast eller organiserast vil Lin og Mathias gjerne høyre frå deg. Du kan kontakte dei gjennom Ung i Ålesund siden på Facebook eller der dei sit på Børsen i Ålesund sentrum.

- Vi vil høyre frå ungdommen sjølv, frå foreldre, frå lærarar, onklar, tanter, søsken. Vi er super entusiastiske og gleder oss til å sette i gang tilbod og bli kjend med ungdommen i Ålesund og kva dei vil gjere, fortel dei begge.

Lin og Mathias vil reise rundt og snakke med elevar og lærarar for å fortelje om tilbodet. Dette er ein del av planen deira for å synleggjere seg.

Musikkfabrikken

Det første prosjektet dei no har fått ansvar for er Musikkfabrikken. Dette drivast no av Mathias, som håpar å få fleire folk til å vite om prosjektet. Målet med dette prosjektet er å skape eit miljø for dei interesserte, og stimulere bandkulturen i byen. I dag er det 8 band som er med og øvar eller står på lista til prosjektet. Framover vil det etablerast faste øvingsrutiner og forsøkt å få fleire til å kome å henge der.

- Målet med Musikkfabrikken er å skape eit miljø der folk som vil øve, møte andre interesserte og så vidare kan kome til, seier Mathias

Musikkfabrikken har ein promovideo som ligg ute på Ålesund kommune sine Facebook sider og YouTube kanal. Den som er interessert i prosjektet kan også ta kontakt gjennom Ung i Ålesund eller Musikkfabrikken sine Facebook sider. Er du forelder kan du også ta kontakt på vegne av nokon du meiner kunne nytta tilbodet.

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119