Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Ordførarar på bedriftsbesøk

 

Region Ålesund bedriftsbesøk SkodjeOrdførarane i dei sju kommunane i Region Ålesund er på besøksrunde for å lære meir om kvarandre og næringslivet. Sist fredag var de i Skodje.

Alle ordførarane i Region Ålesund var fredag 26. januar på besøk i Skodje. Dette er del av fleire besøk rundt i kommunane der regionen søker kunnskap om næringslivet og lærer kvarandre betre å kjenne.

Besøket begynte hos Viddal Automasjon AS på Håhjem, der Steffen Viddal – engasjert gründer og leiar, fortalte om bedrifta som han meiner er fremst i verda på fulldigitalisering av produksjon. Bedrifta er fire år gamal og har no fem tilsette, ein lærling og seks bachelorstudentar som skriv to bacheloroppgåver knytta til utviklinga av robotar og digitalisering av produksjon i eit vidt spekter av bedrifter.

Hos Tesla på Digerneset fekk representantane frå regionen høyre om ein bilprodusent som også driv med solcelleteknologi i form av solcelletak og lagring av fornybar energi. Tesla har blant anna produsert verdas største batteri for lagring av solcelleenergi. Det står tilknytta ein solcellepark i Australia.

Region Ålesund var også innom Volf Industrier AS på Håhjem, som er ein av underleverandørane til Viddal Automasjon, og som produserer maskiner og utstyr i rustfritt stål, aluminium og svartjern.

Region Ålesund

Region Ålesund er et utviklingsprosjekt i regi av kommunene Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund.

Målet med prosjektet er å bygge et regionalt partnerskap som skal legge til rette for en fremtidsrettet og attraktiv byregion for både nærings- og samfunnsliv.

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119