Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Kurs i hjelpe- og støtteordningar

 Illustrasjonsfoto web

Har ditt barn eller ungdom langvarige helseutfordringar? Nå arrangerer vi heldagskurs om hjelpe- og støtteordninger for barn, ungdom og deira familie 13. februar på Ålesund rådhus.

 

Kurset hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og deira familie er for:

  • foreldre/føresette til barn og unge i skulealder
  • ungdom over 16 år til barn frå 1.til 7.klasse

Innhaldet for dagen er i hovudsak for dei som har fått diagnose i nær tid. Vi vil oppmode begge foreldre/føresette til å delta i opplæringa.

Stad: Ålesund rådhus, kommunestyresalen 
Tid: Tirsdag 13. februar kl. 8.30 - 15.30


Tilvising for å delta

Ønskjer du/dykk å delta på opplæringa, så ta kontakt med fastlege for tilvising til kurset. Tilvisinga sendast til same adresse som til påmeldinga. Tilvisinga må merkast med namnet på kurset: «Kva er viktig for meg og familien?».

Er familien allereie til behandling i spesialisthelsetenesta i Klinikk for kvinner, barn og ungdom, trengst ikkje tilvising.

Slik melder du deg på

Ved påmelding treng vi desse opplysningane:

  • Namn på barnet, fødselsdato, diagnose, namn på foreldre/føresette, adresse, telefon.
  • Hugs  å merke påmeldinga med namnet på kurset.
  • Påmelding på telefon: 70 16 72 00, eller send til: BUP poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal, Postboks 1600, 6026 Ålesund
  • Har du noe du ønsker svar på fra oppsatte tema så gi gjerne tilbakemelding ved påmelding. Gi beskjed om det er spesielle hensyn vi må ta ved servering av brødmat til lunsj.

Påmelding innan 2. februar 2018. Opplæringa er gratis.

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestille blir du belasta med eit gebyr på kr 690/kr 345.-


Informasjon om opplæringspengar

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet. Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa. Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset, eller les om opplæringspengar under NAV.no.  Du kan også ta kontakt med Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal, tlf. 71 12 09 95.

 

Fullt program og meir informasjon får du i pdffolderen om Rettighetskurset. Kurset arrangeres av Ålesund kommune, NAV, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og SAFO.

 

Meir informasjon 


Kursansvarleg Elin Fladseth 41 76 10 76.
Lærings- og mestringssenteret (LMS): 71 12 09 99

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119