Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Lærarar tilsette i Newton Møre

lærarar Newton Møre cropBjørn Endre Helgesen og Kenny Solevåg - Hoti er tilsette som lærarar for Newton Møre. Dette er det første Newtonrommet i Møre og Romsdal!


Bjørn Endre Helgesen har relevant kompetanse med ni års erfaring som realfagslærar ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund. Han tok vidareutdanning ved Universitetet i Bergen 2014 - 2016 i regi av Skolelaboratoriet, der store delar av undervisninga foregjekk på Vitensenteret.

Kenny Solevåg-Hoti er utdanna lektor i realfag med spesialisering i matematikk og fysikk. Han har tidlegare utvikla eit digitalt læremiddel for Cappelen Damm/Inkrement AS, og har erfaring frå veiledning avstudentar gjennom eksperiment på NTNU.

Newton Møre

Allereie etter påske vil det bli undervisningsaktivitet i Newtonrommet. Då skal rommet testast ut for bruk av utvalde elevgrupper frå alle kommunane i nye Ålesund.

I august vil Newtonrommet bli tatt i bruk for fullt, og vel 1 500 elevar i 6. og 9. klassetrinn får minst ein dag med undervisning i det nye undervisningsrommet.

Som det første i landet har Newtonrommet på NMK to humanoide robotar (robotar med menneskeleg form) som kan ”snakke” med besøkande. Det er også det første i sitt slag med fleire nye funksjonar, blant anna smartveggar, touchskjerm på glas, Active Floor (interaktivt gulv) og hologrammaskin (prosjektor som viser 3D-bilete i lufta). 

Nye Ålesund kommune eig og skal drifte Newton Møre. Det er inngått samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, slik at også dei vil kunne bruke Newtonrommet i si undervisning. Newton- Newton-modulane undervisninga begynner med, er:

•    Robotar og matematikk (barnetrinn)
•    Fornybar energi (ungdomstrinn)

Etableringa av eit Newtonrommet har skjedd i samarbeid mellom NMK, Ålesund kommune - som representant for nye Ålesund, og lokalt næringsliv. Blant anna har Sparebanken Møre gått inn med 5 millionar kroner til etablering av konseptet og investering i utstyr og innreiing.

Om Newtonrom

Eit Newtonrom er eit praktisk og teknologisk velutstyrt undervisningslokale, med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. I Newtonromma får elevane prøve ut tildels vanskeleg teori gjennom praktiske øvingar og forsøk.

Newtonkonseptet  er utvikla i samarbeid mellom stiftinga FIRST Scandinavia og ressurspersonar i norsk skule.  Målet er å gje barn og unge gode lærings- og meistringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. All undervisning er forankra i dei norske læreplanane.  Så langt er det etablert 34 Newtonrom i Norge; - dei fleste i nord i landet.  Hovudkontoret til FIRST Scandinavia ligg i Bodø.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119