Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Region Ålesund møtte Mørebenken

Morebenken1 web

Ordførarar og administrasjonar i sunnmørskommunane møtte torsdag 4. januar Mørebenken for å løfte fram viktige tema til stortingspolitikarane frå fylket.

 

 

Vertsskap for møtet med Mørebenken var Sunnmøre regionråd og nesten alle sunnmørskommunane var representerte på møtet.

Region Ålesund tyngdepunktet

Ordførar i Haram Vebjørn Krogsæter, var programleiar og utfordra rikspolitikarane på å definere tyngdepunktet i region Møre og Romsdal. Utgangspunktet for sunnmørskommunane var at det er viktig for heile fylket å tørre å definere Ålesund som regionsenter blant anna basert på innbyggartal, næringsliv og statistikkar. Å definere Ålesund som eit tydeleg regionsenter vil bidra til å styrke og sikre både regionen Møre og Romsdal, Ålesundsregionen og dei andre byområda og omlanda i vårt fylke.

Fylket hadde ein innbyggarvekst på 0,4 % i 2016. Det er blant dei dårlegaste i landet. Veksten som kjem, kjem rundt byane, viser fylkesstatistikken for 2017. Det urbane er det attraktive for mange og ei satsing på denne kvaliteten vil gi ringverknader til omlandet rundt.

Region Ålesund trur at området rundt Ålesund og heile Sunnmmøre er attraktivt og viktig for å dra ny arbeidskraft til fylket med det næringslivet og kompetansen som finnast her.

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) svarte til Sunnmørsposten at Ålesundsregionen er eit næringssterkt område som har størst folketalsvekst. Slik sett utgjer det eit naturleg tyngdepunkt, særleg innanfor maritime næringar og fiskeri. Den viktigaste utfordringa er å bygge saman heile fylket til ein vekst- og verdiskapingsregion, svarer Orten.

Soningssenter på Sunnmøre

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord orienterte om prosessen for å få realisert Sunnmøre Soningssenter. Det er eit ønske om at eit moderne soningssenter kan avløyse landets eldste fengsel, Ålesund fengsel. Fengselet er 152 år gamalt med 27 soningsplassar som ikkje tilpassa moderne standard og soningsforhald. Region Ålesund og Sunnmøre regionråd meiner senteret bør ligge på Digernes i Skodje. Plasseringa er god når både når ein tenker nærleik til flest mogleg og gode transportløysingar.
I tillegg til kommunane på Sunnmøre arbeider Sunndal kommune for eit kvinnefengsel i kommunen.

Ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal, viste til at leiar for Kriminalomsorgen Region Vest, Per Sigurd Våge på eit fagleg grunnlag går inn for eit soningssenter på Sunnmøre.

Sunnmørsregionen ønsker prosjekteringsmidlar på 10 millionar kroner for å sikre rask framdrift og løfte som kan sikre at soningssenteret på Sunnmøre blir prioritert.

morebenken3 web

– Det er lagt til rette for ei konseptvalutreiing (KVU) for heile Vestlandet som skal kartlegge behovet og utbyggingsplanane. Det er klart at regjeringa må gjere den jobben før dei kan ta ei endeleg avgjerd. Men behovet for eit nytt soningssenter er uomtvisteleg, og ein samla Mørebenk må trykke på, sa stortingsrepresentant Helge Orten til NRK Møre og Romsdal i denne saken.

Nettverk for byregionar

Tore Johan Øvstebø, varaordførar, i Ålesund er blant initiativtakarane til å opprette eit nettverk for byvekstavtalar. Eit sentralt mål i Region Ålesundprosjektet er å få Ålesundregionen med i statlege ordningar for finansiering av styrka innsats for kollektivtransport, syklistar og fotgjengarar (belønningsavtalar, bymiljøavtalar eller liknande). Trass i offensiv innsats deis eiste to åra, blant anna overfor Mørebenken og Transportkomiteen har dette ikkje gitt ønska resultat.

Det er dei mellomstore byregionane som faller utanfor staten si ordning med byvekstavtalar som dannar dette nettverket - regionene Haugaland, Arendal-Grimstad regionen, Tønsbergregionen, Bodø, Ålesundregionen, Sandefjord og Larvik. Desse regionane har samla om lag 500 000 innbyggarar per januar 2017.

Mørebenken var eintydig positive til initiativet om at byregionane går saman og vil bidra positivt der dei kan, for å støtte opp om arbeidet.

Marine grunnkart

I tillegg ble Mørebenken informert om marine grunnkart. Karta kan brukast til å få kunnskap om korleis og kvar ein kan drifte havet. Det er mogleg å sjå meir om dette på nettstaden Møre pilot. Dette er eit pilotprosjekt som drivast på Søre Sunnmøre.

Veibustkrysset, Møreaksen og Ørskogfjellet

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll orienterte om E39 Veibustkrysset i Sula, innspill til NTP 2018 – 19 og handlingsprogrammet for Statens vegvesen og Kystverket. Krysset og vegen er sterkt trafikert med gjennomgangstrafikk og pendling. Det største nærings- og industriområdet i Sula med 30 mindre og større bedrifter, er avhengig av krysset. Krysset begrensar næringsutviklinga og skaper dagleg farlige situasjonar.

Mørebenken fekk repetert forslag til trasévalg for Møreaksen. Statens vegvesens førstevalg er ein trasé med tunnel over Svartløken i Skodje. Ein alternativ trasé går over Ørskogfjellet og brukar delvis eksisterande veg. Mørebenken etterlyste semje blant kommunane om trasévalg.

Ørskog kommune ved ordførar Knut Harstad, tok opp problemet med manglande krabbefelt for tungtransport opp E39 til Ørskogfjellet, import- og eksportvegen til Sunnmøre. Manglande krabbefelt er trafikkfarleg og fører til farlege forbikøyringar. Harstad hevda at manglande prioritering av krabbefelt og er i strid med statens nullvisjon for trafikkulykker. NTP har flytta planane om eit krabbefelt til etter 2021. Det meiner Ørskog kommune er for lenge å vente.

Flere av representantane i Mørebenken trakk fram viktigheiten av at eit krabbefelt kjem på plass.

Fleire kommunar løfta også fram saker for Mørebenken. Blant anna Herøy som snakka om planar for hamna i Fosnavåg der miljø, næring, byutvikling og 50 nye arbeidsplassar er i fokus, Vanylven kommune som ba om hjelp til å skape arbeidsplassar i kommunen,  og Volda som snakka om utfordringar når det gjeld helse- og omsorgssektoren og stadig fleire oppgåver som kommunane ikkje har pengar til å finansiere.

Mørebenken syntes det var positivt å bli haldne informerte om viktige saker i regionen.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119