Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Fotokunsten får ein arena på biblioteket

fotovegg biblioteket desember 2017Ålesund har mange galleri, men inga scene for fotokunst. Det gjer Ålesund bibliotek no noko med.

Ålesund bibliotek prioriterer fotoet som kunst- og uttrykksform. Fredag 1. desember kl. 12.00 opnar nemleg den nye fotoveggen ved hovudbiblioteket i lågblokka ved Ålesund rådhus.

Biblioteket har inngått ein samarbeidsavtale med to store aktørar på fotokunst i Ålesund, det er Ålesund Kunstfagskole og Ålesund Kameraklubb.

Poesi og samfunn

Desse vil ha faste periodar med utstillingar. Men den som startar som første utstillar, er mannen som tok initiativ til ein arena for fotokunst på biblioteket, nemleg Rune Kleiven.

Rune Kleiven har i løpet av det siste halvåret hatt utstillingar i eit stabbur i Geiranger, samfunnshuset i Ørskog og i ei kyrkje på Moa, no er han heime på biblioteket i Ålesund.  Bakgrunnen hans er stor interesse for poesi og samfunn.

bunadsrefleksjoner

- Eg vil gjerne at det skal vere ein motstand i bileta som gjer at ein ikkje så fort blir ferdige med dei, seier han. Utstillinga hans, Bunadrefleksjonar, er eit fotoessay – ein invitasjon til ei tankereise rundt bunad og bunadbruk. Tanken slo han under en konfirmasjonsseremoni, der alle jentene hadde bunad og han sakna jenter som gjorde eit anna val.

Vil utfordre amatørfotografar

- Vi utfordrar amatørfotografar til å bruke denne arenaen for å vise bileta sine. Vi vil også satse på fotoprosjekt for barn og unge, seier biblioteksjef Mette Aaram Ringstad.

- Målet vårt er at fotoveggen også skal vere givande for byen. Fotoet har ein sentral plass i liva våre, det visuelle står sterkt i den digitale kvardagen og folk flest har mobilkamerat med seg. Fotografiet kan vere alt frå dokumentasjon til  visuelt kunstuttrykk og innlegg i samfunnsdebatten. Vi er glade for å ha fått til denne arenaen for fotokunst og håper at innbyggjarane i Ålesund vil følgje med og ha utbytte av fotoa som blir utstilt her.

Vil du stille ut?

Viss nokon har lyst til å ha utstilling så ta kontakt med biblioteket.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119