Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Framtidsretta pasientforløp

Pasisentforløp Ola og Olaug illustrasjonÅlesund kommune er med i eit samarbeid for å sikre gode og forutsigbare tenester for eldre og kronisk syke.

I samarbeid med helseføretaket, alle kommunane i Møre og Romsdal og brukarrepresentantar saman med KS og Folkehelseinstitutte,t har eit viktig arbeid med læringsnettverk for å sikre heilskapelege helsetenester for den eldre multisjuke pasient starta.

Læringsnettverk

Med læringsnettverk vil vi betre

  • Overgangen frå sjukehus/kommunal institusjon til heimen, eller oppstart av heimetenester
  • Forstå kva som er viktig for pasienten og bruke dette som grunnlag for tenestene vi tilbyr
  • Systematisk, tverrfagleg oppfølging
  • Innhentinga av pasientane sine opplevingar og nytteverdi av oppfølginga

Læringsnettverket består av tverrrfaglege forbetringsteam ved alle sjukehusa og i 30 kommunar i Møre og Romsdal. Satsinga legg vekt på å flytte fokus frå å spør «Kva er i vegen med deg?» til «Kva er viktig for deg?». Det at pasienten/brukaren gjer eigne val legg til rette for meistring, og understøtter pasienten som ein medansvarleg og aktiv part. Det viktigaste med dette spørsmålet er ikkje å sleppe alle ressursar fri, men å sentrere innsatsen om det som faktisk er viktig og som verker for pasienten. Det er eit mål og utvikle pasientforløpet der ein sikrar systematisk oppfølging.

Arbeidet i læringsnettverka bygger på professor Anders Grimsmos arbeid med Heilskapleg pasientforløp i heimen (HPH) som blei gjennomført i Trondheim/Orkdalsregionen.

Felles løft

Læringsnettverk for gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke starta i oktober 2017 og skal pågå fram til våren 2019, med om lag 200 deltakarar frå sjukehus og kommunane i Møre og Romsdal. I kvar kommune er det oppretta Forbedringsteam som deltek i læringsnettverket.

Arbeidet med å legge til rette for framtidsretta pasientforløp i Ålesund kommune involverer alle brukere, pårørende og ansatte innen helse og velferd. Alle sine bidrag er viktige for å sikre brukaren sitt behov for heilhetlege, koordinerte og trygge tenester.

Les meir

Kontaktperson

Vil du vite meir? Ta kontakt med rådgiver for helse og velferd, Line Strømsvik.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119