Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Ver med å foreslå gatenamn!

street sign 220357 1280Fem kommunar skal slå seg saman og rundt 40 gatenamn er dei same. Bydelsutvala i Ålesund ynskjer difor at du som innbyggar skal foreslå aktuelle namn.

Ålesund kommune skal 1. januar 2020 bli ein del av nye Ålesund kommune. Det er fem kommunar som skal slå seg saman: Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Den nye kommunen vil få om lag 65 000 innbyggarar, og blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim. I dei fem kommunane er det også no rundt 40 vegnamn som er dei same.

Difor har Fellesnemnda for nye Ålesund kommune gitt den enkelte kommune, med bydelsutvala og deg, ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene.

Kvifor nye gatenamn?

Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande.

Tenk berre på konsekvensane dersom naudetatane rykkar ut til feil stad på grunn av namneforvirring! Difor seier det nasjonale regelverket at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.

I vår kommune skal du få kome med forslag til aktuelle namn, slik at alle kan få kome til orde og bli høyrde i denne saka.

Kva er kriteria?

Representantar frå dei fem kommunane har arbeidd fram kva kriterier som skal ligge til grunn for å skifte gatenamn i dei fem kommunane, og fellesnemnda vedtok kriteria i sitt møte 14. september.

I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar:

  • Kommunen med flest adresser knytt til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytt til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som i ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøytande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Du finn lista over vegnamn som må endrast i dei enkelte kommunane på nettstaden nyealesund.no i nyheitssaken Desse vegane skal forandre namn.

Korleis send eg inn mitt forslag?

Forslag til namn sendast ditt bydelsutval innan 31. desember.

  • Forslaget ditt må grunngjevast.
  • For vegnamn som tilhøyrar ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal namnet som blir foreslått vere i same kategori.
  • Vi inviterer særleg dei som bur i gater som skal skifte namn om å kome med forslag.

Kontaktinformasjon Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg:

Kontaktinformasjon Nørvøy, Nørvasund og Hatlane bydelsutvalg:

Kontaktinformasjon Ellingsøy bydelsutvalg:

Kontaktinformasjon Indre Borgund bydelsutvalg:

Kontaktinformasjon Spjelkavik, Åse og Lerstad bydelsutvalg:

Eg vil sjå dei Innkomne forslaga

Namnenemnda vil vurdere forslaga som kjem inn. Dei aktuelle forslaga blir så sende til Språkrådet for ein uttale, og blir namnet godtatt der, så kjem forslaget opp til politisk behandling i kommunen i løpet av 2018.

Arbeidet med å få fem kommunar til å bli ein, er godt i gang. Mykje av det som er bestemt til no ligg på eit overordna politisk og administrativt nivå men framover vil det vere fleire avgjerder som skal takast der den nye kommunen ønsker synspunkt og råd direkte frå innbyggarane (og ikkje berre for dei folkevalde), for å få ei best mogleg løysing.

Du kan følge arbeidet med å bygge den nye kommunen på www.nyealesund.no eller følge Facebook-sida ‘Tilsette i nye Ålesund’, som er open for alle.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119