Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Har du ein kandidat til Miljøprisen?

 Blomster 020 web


Har du ein god kandidat til Miljøprisen? Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker med dette å invitere interesserte til å kome med forslag til prisvinnar innan 25. oktober 2017.

Miljøprisen skal tildelast for særleg verdfullt arbeid innanfor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Det synlege beviset på prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen vert delt ut under fylkestinget i desember.

Forslag må innehalde ei kort skildring av kandidaten/kandidatane, og ei grunngjeving for nominasjonen. Legg gjerne ved bilete av kandidaten. Se også retningslinjer for Møre og Romsdal fylkeskommune sin miljøpris.

SEND INN DITT FORSLAG HER!

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119