Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Astrid J. Eidsvik blir rådmann i nye Ålesund

astrid eidsvik 2015 webFellesnemnda for nye Ålesund vedtok samrøystes å tilsette Astrid J. Eidsvik som rådmann i nye Ålesund kommune. Det skjedde i fellesnemnda sitt møte 5. oktober.

Tilsettinga er i tråd med tilsettingsutvalet si innstilling.

Astrid J. Eidsvik (59) er i dag rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av Ålesund bystyre i februar 2015. Eidsvik var før helsedirektør i Møre og Romsdal.

Rådmannen i nye Ålesund skal også vere prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen og vil ha ei sentral rolle i å bygge og utvikle den i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane for øvrig. Nye Ålesund består av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Det er ikkje bestemt når Eidsvik vil tiltre den nye stillinga. Det er faktorar som vil bli avklarte i løpet av nokre veker. Innan Eidsvik startar som prosjektleiar i nye Ålesund vil Ålesund kommune bestemme korleis kommunen skal fylle rådmannsfunksjonen fram til samanslåinga 1. januar 2020.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119