Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Dette er forslaga for bussrutene i Ålesund og Giske

Frambuss AAlesund mobilitetsuka2016Møre og Romsdal fylkeskommune med samferdselsavdelinga i spissen foreslår endringar i busstilbodet i kommunane Ålesund og Giske. Her kan du sjå endringsforslaga.

– No er forslaga presentert både for samferdselsutvalet i fylkeskommunen og for formannskapet i Ålesund, og då ønsker vi å kome med meir informasjon om kva forslaga går ut på, seier Svein Ivar Aarskog, rådgivar og fagansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Samferdselsavdelinga foreslår ei rekke endringar som skal vi fleire avgangar og kortare reisetid på mange strekningar.

Ei fullstendig oversikt over endringsforslaga og kva som er mogleg innanfor dei tre alternativa som er lagt fram, er tilgjengeleg i PDF-dokumentet utarbeida av fylkeskommunen.

Endringsforslag for bybusslinjene i Ålesund

Det er foreslått mange endringar for bybusslinjene i Ålesund. Her er nokre av dei viktigaste endringsforslaga:

  • På den mest trafikkerte trekninga, mellom Ålesund sentrum og Moa, blir det 10-minuttsfrekvens i rushtida.
  • For området Hessa – Ålesund sentrum er det forslag om kvartersavgangar mellom Hessaskaret og Ålesund sentrum, ny rute som startar på Slinningsodden, halvtimesavgangar frå Sævollen og Slinningen og auka tilbod på kveld og helg.
  • For Moa – Blindheim/Flisnes er det forslag om kvartersavgangar Moa – Blindheim, ny rute til Flisnes, eigne bussar til Myrlang og flisnes til ca. kl. 10 og auka tilbod kveld og helg.
  • For Ålesund – Magerholm (linje 629) er forslaget å endre traseen til å gå gjennom Blindheimstunellen utanom rushtrafikken for kortare reisetid og det aukast frå to til tre avgangar i timen. Det skal vere korrespondanse med ferje på alle avgangar i begge retningar og det blir utvida opningstid på kveld.
  • Traseen til Ålesund – Magerholm (linje 250) foreslås endraa til å være lik 628, og den vil fortsatt gå om Campus Ålesund på veg til Ålesund. Utanom  rushtrafikk blir denne linja ein del av rute 628, og det  opnast for av- og påstiging i Ålesund kommune. Rute 614 blir matebuss for rute 250 til og frå Ålesund sjukehus.
  • På Ellingsøya er det foreslått timesfrekvens med bussbytte på Kverve, og at bussen køyrer fylkesvegen mellom Kverve og Bjørge, Gamlevegen på strekninga Bjørge-Årset-Stokke-Brendehaugen, og fylkesveg Brendehaugen – Kverve. Det er forslag om eigne bussar til Ålesund i rushtrafikken. På nordsida av øya blir det ingen endringar.

kommuneN nøgd med forslaga

Varaordførar Tore Johan Øvstebø har deltatt i utviklingsprosjektet og er svært nøgd med det gode samarbeidet mellom kommunen og fylkeskommunen.

- Eg er svært opptatt av at det skal bli meir attraktivt å reise kollektivt i regionen vår. Vi synes dei forslaga som no ligg føre for bussrutene i Ålesund, er gode og meiner at totaltilbodet for dei som reiser i og til Ålesund kommune vil bli betre med desse forslaga, seier Øvstebø. - No må vi jobbe politisk for å få gjennomslag for ekstra løyvingar, avsluttar han.

Endringar i Giske

- Giske og Ålesund kommunar har eit felles problem med sprengd kapasitet i Valderøy- og Ellingsøy-tunnelen. Her er vi avhengige av å få fleir reisande over på kollektivtransport for å redusere totalbelastinga på tunnelane, seier Svein Ivar Aarskog.

- Vi har og ei utfordring med transport til og frå flyplassen, der billig parkering og eit stadig skiftande flytilbod gjer det svært utfordrande å få flybusstilbodet til å gå bra, legg han til. Og vi har behov for å gjere endringar innanfor Giske kommune, slik at busstilbodet blir meir effektivt, avsluttar han.

Dei viktigaste forslaget for Giske kommune er  blant anna timesfrekvens Vigra-Valderøya-Ålesund, timefrekvens, Godøya – Ålesund, timesfrekvens, Ellingsøya – Ålesund og halvtimesfrekvens Valderøya – Ålesund.

Det skal vere eigne flybussar ved større avgangar/ankomstar, men der flyruter trafikkerast med små fly, blir tilbodet lokalbuss via flyplassen.

For linje 664 Giske/Godøya er det også forselått endringar. Endringane vil bety at reisande ikkje lenger må være med på lange rundturar på Godøya og går ut på følgande: timesfrekvens Ytterland-Valkvæ/Leitebakk, 2-timarsfrekvens Giske bedehus, Alnes, Juv.
Politikarane bestemmer kva som blir realisert

Det er utarbeida 3 ulike alternativ med ulik kostnadsramme. For at alle forslaga skal kunne realiserast, må samferdselsavdelinga få ekstraløyvingar på til saman 10 millionar kroner. Eit alternativ med ekstraløyvingar på 6 millionar fører til at mange av tiltaka kan realiserast, medan det siste alternativet – utan ekstraløyvingar – berre vil tillate små justeringar og nokre forbetringar på kveld og helg.

Politikarane bestemmer kva som blir realisert

Det er utarbeida 3 ulike alternativ med ulik kostnadsramme. For at alle forslaga skal kunne realiserast, må samferdselsavdelinga få ekstraløyvingar på til saman 10 millionar kroner. Eit alternativ med ekstraløyvingar på 6 millionar fører til at mange av tiltaka kan realiserast, medan det siste alternativet – utan ekstraløyvingar – berre vil tillate små justeringar og nokre forbetringar på kveld og helg.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119