Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Byane visar fram samarbeidet

nordic edgeÅlesund, Molde og Kristiansund deltar på Nordic Edge Expo i Stavanger i lag med fylkeskommunen for å fronte bysamarbeidet og fange opp gode idear.

Tysdag er det avspark for Nordens største Smart City-arrangement med over 4000 besøkande, 200 stands og 100 foredrag.

Frå Møre og Romsdal kjem ein delegasjon på kring 30 deltakarar frå Ålesund, Molde, Kristiansund og fylkeskommunen.

- Det er unikt i norsk samanheng at tre byar samarbeider om by- og regionalutvikling. No skal vi vise oss fram og ta ein posisjon! Vi ønsker også å fange opp nye idear og finne moglege samarbeidspartar, seier Kjersti Hasselø, prosjektleiar for Byen som regional motor.

Lykkelege byar

Byane og fylkeskommunen har samarbeida om byutvikling sidan 2012, og det er Byen som regional motor som er utgangspunktet for deltakinga i Stavanger.

No er gruppa samla under bodskapet "Working together for healthier, happier cities".

Frå byane reiser både fagfolk, administrativ og politisk leiing i kommunane. Frå Ålesund deltek mellom andre ordførar Eva Vinje Aurdal. Ho meiner det er viktig å vere til stades der ting skjer og få vite kva som rører seg i feltet.

- Vi ønsker å bli oppdatert, få ny kunnskap og bli inspirert. Vi deltek på felles stand med Molde og Kristiansund, og vi heier på kvarandre, seier Aurdal.

Smart teknologi

Hovudtema for messa er innovative og digitale løysingar for samferdsel, utdanning og samfunnsutvikling. Byane skal i denne omgang vise fram samarbeidsprosjektet Byen som regional motor.

Konkrete prosjekt som er støtta av samarbeidsprosjektet er fleire. Plattforma er felles, men løysingane er unike for kvar by.

For Ålesund er tilrettelegging for gåande og syklande, utvikling av Kulturhamna, gateterminal og opprusting av torg og andre byrom samt utvikling av sentrum- og campusområde.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119