Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Søk om kulturtilskudd

dans kulturDriver du aktivt med film, scenekunst, musikk eller anna? Fylkeskommunen ønskjer å støtte deg.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å kunne stimulere til auka kunst- og kulturproduksjon i Møre og Romsdal, og styrke rammevilkåra for profesjonelle kunstnarar innan alle uttrykk.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere profesjonelle kunstnarar, organisasjonar og miljø i Møre og Romsdal som ønskjer å produsere kunst- og kulturprosjekt av høg kvalitet.

Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan ikkje stå som einaste søkar, men kan vere samarbeidspart i produksjonen.

Ordninga er open for alle kunstuttrykk og sjangrar, men nyskapande produksjonar for barn- og unge blir prioritert ved likeverdige søknadar.  Ein vil spesielt legge vekt på at produksjonen blir tilgjengeleg for flest mogleg i fylket vårt. 

Søkar skal vere profesjonelle og vere busett med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.

Korleis søker ein?

Fylkeskommuna ber om at du som søkjert legg ved skildring av kven som er målgruppa for produksjonen, budsjett/finansieringsplan, CV, tidsplan og produksjonsskildring. Ein føresetnad er ein eigeninnsats på minimum 50 %.

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein på fylkeskommuna sine heimesider.

Søknadsfrist er 1.oktober.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119