Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Meir digitalt, mindre besøk i biblioteka

e bokFleire låner e-bøker, men tal på besøk i biblioteka her i fylket er lågast i landet.

E-bøker i biblioteka i Møre og Romsdal blir stadig meir populært, viser bibliotekstatistikken frå 2016. Talet på nedlastingar har auka frå om lag 28 000 i 2015 til om lag 34 000 i 2016.

Mindre besøk

803 000 brukarar var innom folkebiblioteka i Møre og Romsdal i fjor. Dette er ein nedgang på 2,7 prosent samanlikna med 2015. Målt i besøk per innbyggar er Møre og Romsdal er det fylket  i landet som har lågast besøk i folkebiblioteka. Slik har situasjonen vore dei siste fem åra, viser tal frå SSB.

- Det er viktig å leite etter årsakene til dette, og sjå på tiltak som kan gjere biblioteka i fylket meir attraktive for innbyggjarane, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Biblioteka skal ha ei viktig rolle

Den negative utviklinga skjer samstundes som det har kome klare signal frå regjeringa om at biblioteka får ei viktig rolle i åra som kjem. Den nye føremålsparagrafen i Lov om folkebibliotek (1985), har gitt biblioteka eit sterkare samfunnsoppdrag og rolle som aktiv formidlar.

– Biblioteka er ikkje lenger berre ei boksamling. Dei skal være ein møteplass og ein arena for offentleg samtale og debatt. Biblioteka skal også ta vare på det kulturelle mangfaldet, styrke demokratiet, fremme inkludering og verne om ytringsfridomen og livskvaliteten til den enkelte. I lys av dette trengs det ei kraftig styrking av biblioteka i fylket, seier Koch.

Færre prosjektmidlar

Prosjekt- og utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket til biblioteka i Møre og Romsdal har gått ned frå 225 000 kroner i 2015 til 44 000 kroner i 2016. Tildelte arenamidlar er halvert.

– Vi veit ikkje om dette heng saman med at det kom færre søknadar frå fylket i fjor, men fylkesbiblioteket arbeider no mellom anna med å auke kompetansen på søknadsskriving hos biblioteka, avsluttar Koch.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119