Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Næringsforeningane i nærare samarbeid

frå møtet i samarbeidsforumet for naringsforeningar 310817Kommunane i Region Ålesund  og næringsforeningane i regionen skal  samarbeide nærare om utvikling.

Møtet blei halde i Ålesund 31. august og diskuterte blant anna dette:

Vigra flyplass

Samarbeidforumet tok for seg korleis ein kan utvikle flyplassen på Vigra til beste for næringsliv, innbyggarar og tilreisande. Eit funksjonelt og godt fly- og frakttilbod er viktig for utviklinga av regionen. Det har vore fleire møte med AVINOR og andre aktørar og ein ser på forskjellige modellar for å kunne bidra til til utvikling.

Nye Ålesund kommune

Nye Ålesund var representert ved Mads Solberg, som jobbar i prosjektgruppa med innbyggermedvirkning og utvikling av lokaldemokratiet i den nye kommunen. Stillinga er finansiert av Fylkesmannen. I den samanhengen er næringslivet ei viktig aktørgruppe  om den nye kommunen skal lytte til og samarbeide med.

Forumet diskuterte å etablere eit tankeverkstad med næringslivsaktørene frå det som skal bli nye Ålesund i 2020.

Eit slikt fora må ta opp kva slags forventningar det er frå næringslivet til kommunereformen og den nye storkommunen som lokal utviklingsaktør, kartlegge kva dei viktigaste interesseområdene er når det gjeld tilrettelegging og tiltrekking av næringsverksemd på tvers av kommunane i nye Ålesund, og korleis ein kan spele saman for å skape verdiar. 

Det vil også vere plass til representanter for nabokommunane som kan fortelle om forventningane til den nye kommunen og korleis ein ser for seg å samarbeide.

Det blei avgjort å ha eit oppstartarrangement i haust om viktige felles interesseområder som til dømes:

  • Plan og bygning, areal
  • Arbeidsmarknadstiltak
  • Utdanning/utvikling
  • Sosialt ansvar for nærmiljø

 

Nye Ålesund blir danna av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund og skal vere i drift 1. januar 2020.

Næringslivet kom med signal om at kommunegrenser ikkje er viktig for næringslivet. Dei er opptatte av kva produkt kommunen leverer.

 

Næringsforeningane

Forumet diskuterte om kva organisasjon næringsforeningane ser for seg. Ein diskuterte forskjellige modellar ut fra erfaringar får andre delar av landet. Dette er eit tema som vil bli diskutert vidare. 

Bakgrunn

 Region Ålesund er eit nasjonalt regionsutviklingsprogram som består av 37 prosjekt rundt om i landet og over 200 kommunar er med i byregionprosjektet. Prosjetet er starta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Region Ålesund er Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund. Næringsforeningane i regionen organiserer og arbeider for interessene for næringslivet. Det første møtet i samarbeidforumet mellom Region Ålesund og næringsforeningane var i juni.

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119