Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Møte i nye Ålesund kommune i haust

Moter nyealesund illustrasjon

Nye Ålesund kommune har ein rekke møte i haust og 24. august er det fyrste møtet i Fellesnemnda.  Sjå oversikt og kva som skjer i haust. 

 

Slik vert møta fordelt i haust:

  • 8. august: Felles informasjons- og drøftingsmøte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod
  • 16. august: Partssamansett utval. Stad: Ålesund – formannskapssalen. Kl. 09.00-11.30.
  • 16. august: Arbeidsutvalet – ordførarane i dei fem kommunane. Stad: Ålesund – formannskapssalen
  • 24. august: Fyrste møte i Fellesnemda. Stad: Ålesund – bystyresalen. Kl. 12.00-15.00.
  • 7. september: Partssamansett utval. Stad: Sandøy – kommunestyresalen. Kl. 09.00-11.30
  • 7. september: Arbeidsutvalet – Sandøy – kommunestyresalen. Kl. 12.00-15.00.
  • 14. september: Fellesnemnda. Stad: Sandøy – Harøy skule, allrommet.
  • 5. oktober: Fellesnemnda. Stad: Ålesund – rom 364 v/bystyresalen
  • 18. oktober: Partssamansett utval. Stad: Skodje – kommunestyresalen. Kl. 09.00-11.30.
  • 18. oktober: Arbeidsutvalet. Stad: Skodje – kommunestyresalen. Kl. 12.00-15.00.
  • 26. oktober: Fellesnemnda. Stad: Skodje – kommunestyresalen. Kl. 17.00
  • 8. november: Partssamansett utval. Stad: Ørskog, kommunestyresalen. Kl. 09.00-11.30.
  • 8. november: Arbeidsutvalet. Stad: Ørskog, kommunestyresalen. Kl. 12.00-15.00.
  • 16. november: Fellesnemnda. Stad: Ørskog, kommunestyresalen. Kl. 12.00-15.00.
  • 29. november: Partssamansett utval. Stad: Haram, kommunestyresalen. (2. etg. ID-huset). Kl. 09.00-11.30.
  • 29. november: Arbeidsutvalet Stad: Haram, kommunestyresalen. (2. etg. ID-huset). Kl. 12.00-15.00
  • 7. desember: Fellesnemnda. Stad: Haram, kommunestyresalen. (2. etg. ID-huset).

Med forbehold om at datoane kan bli endra. Møta for Fellesnemnda vert overført på web-TV.

Kven sit i dei forskjellege utvala?

Arbeidsutvalet (AU) består av ordførarane i dei fem kommunane, rådmennene tiltrer.

Partssamansett utval (PSU) vil sannsynlegvis bestå av fem representantar frå tilsette og sju frå arbeidsgjevarsida (fellesnemnda). Tillitsvalde har meldt inn fem namn på tilsettrepresentantar. AU har innstilt på at ordførarane og to varaordførarar blir arbeidsgjevarrepresentantar. Det er fellesnemnda som vedtek dette 24. august.

Fellesnemnda består av fem representantar frå kvar kommune. Oversikt over valde representantar og vararepresentantar ligg ved, to kommunar gjer endeleg val i august. Fellesnemnda konstituerer seg 24. august.

Kva handlar møta om?

Sakslister og innkalling vert lagt ut på nettstaden til nye Ålesund kommune. Der kan du også finne oversikt over møter i delprosjekta.


tilsette i nye ålesundfØLG oss på facebook


Det er oppretta ei Facebookside for Tilsette i nye Ålesund kommune, men også andre interesserte vil finne nyttig informasjon der.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119