Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Korleis reiser du?

Aalesund fraSjoenFylkeskommunen skal gå gjennom kollektivtilbodet i Giske og Ålesund og inviterer innbyggarane til å vere med i ei brukarundersøking om reisevanar. Grip sjansen!

Møre og Romsdal fylkeskommune har, i samarbeid med Giske og Ålesund  kommunar, starta ein gjennomgang av kollektivtrafikktilbodet i desse kommunane.

- I samband med dette arbeidet ønsker vi å vite meir om reisevanane til innbyggarane i kommunane, seier Svein Ivar Aarskog frå samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

- Vi håpar at så mange som mogleg vil svare - både unge, vaksne og eldre, slik at vi får eit godt bilde av korleis reisevanane til dei som bor i dei to kommunane er. Svara frå spørjeundersøkinga skal brukast i planlegginga av det nye ruteoppsettet, seier Aarskog.

Undersøkinga finn du mrfylke.no under samferdsel.

For Ålesund kan du trykke på denne lenka.

Det blir lagt ut ei eigen lenke på Giske kommune si nettside om reisevanane i Giske. 

Frist er 14. august.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119