Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

FRAM har samla alt i ny app

 

Arild Fuglseth med ny FRAM appMed den nye appen FRAM kan du søke i reiseplanleggaren, kjøpe billett og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten eller ferja i heile fylket.

I den nye appen kan du enkelt bruke reiseplanleggaren til å søke fram rutene og avgangane til dit du skal, inkludert billettprisen. I planlegginga kan du òg velje å sjå heile reisa på kartet, inkludert gangtid og eventuelt bytte av transportmiddel.

Om det er forseinkingar, blir det vist med sanntid/nøyaktig tid med gult, men det gjeld ikkje alle rutene enno.  Møre og Romsdal fylkeskommune er no i ferd med å levere sanntid/nøyaktig tid på alle rutene til FRAM-bussane i fylket.

- Alt er samla, og du kan bruke den i heile Møre og Romsdal. FRAM-appen vil gjere det enda enklare å reise kollektivt i fylket. Vi er stolte av denne leveransen. Det er nok den mest omfattande appen for kollektivreise i landet i dag, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune, og viser fram den nye appen.

Enklare å kjøpe billett

Med FRAM-appen kan du kjøpe både enkeltbillett og periodebillett, i tillegg til å få påminning om at billetten snart går ut. Billetten gjeld alle bussar og hurtigbåtar i fylket. Den gjeld også ferje, dersom eitt eller fleire av ferjesambanda er inkludert i reisestrekninga til bussen.

I appen kan du kjøpe billetten med ein gong.  Du kan velje om billetten skal bli aktivert automatisk eller manuelt av deg. Det er mogleg å kjøpe billett opptil 48 timar før avgang.

– Brukar du appen til å kjøpe billett, må du å aktivere billetten før du går om bord. Frå aktiveringa av billetten, tek det to minutt før han er gyldig. Som reisande skal du alltid vise fram billetten om bord, seier Toril Karlsnes Viken, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Det er mange gode kulturarrangement og musikkfestivalar i juli og august her i fylket, og skal du på eit av desse arrangementa, er dette ei fin moglegheit til å prøve den nye FRAM-appen, seier Viken.

Oppdater appen du har

Den tidlegare appen, FRAM Billett, har du til no kunne bruke til å kjøpe enkeltbillettar i byane i fylket. Denne blir no bytta ut med den nye appen. For deg som har den gamle appen på mobilen, får du enkelt den nye ved å oppdatere appen. FRAM-appen er utvikla både for iOS (Apple) og Android (Google).

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119