Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Slik går bussen i sommar

20161206 fram aalesund 1145Det er mykje som skjer i Ålesund i sommarmånadane. FRAM minnar difor om endra køyretrasé i sentrum frå 8. juli til og med 27. august

På grunn av avvikling av ulike festivalar i Ålesund sentrum i juli og august, køyrer alle bybussar som brukar St. Olavs plass alternativ trasé i heile perioden frå laurdag 8. juli til og med søndag 27. august.

Endringa gjeld linje 610, 611, 618 og 624. Desse bussane vil køyre ruta Kipervikgata, Korsatunnellen, Ålesund rådhus, Rutebilstasjonen.

I same periode vil heller ikkje Dronning Sonjas plass vere betjent. Bussane vil i staden gå frå Ålesund rådhus, Rådhusplassen.

Foto: Terje Aamodt

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119