Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Vi vil fram 27. april

web logoKorleis er din reiseveg? Kva ønskjer du av kollektivtilbodet i kommunen og kommunane rundt? Då vil vi høyre di stemme og gjerne sjå deg på Terminalen i Ålesund 27. april.


I neste veke vil dette vere staden der du som ungdom, student, ung vaksen eller bare aktiv brukar av det kollektive tilbodet i regionen vår, kan vere med på ein kveld med erfaringsdeling og åpen diskusjon. Og arrangementet er gratis!


Kva går kvelden ut på?

 

17.30 Velkomen
18.00 Kva veit vi om ungdom og kollektiv? v/Harald Martin Hjelle, Professor ved avd. for logistikk på Høgskolen i Molde.
18.20

Status og planar for det kollektive tilbodet i Ålesundregionen med hovedfokus på ungdom.
Kva gjer dei i andre regionar? v/Møre og Romsdal fylkeskommune.

18.50 Kva meiner du? Erfaringsdeling og framtidstankar.
19.30 Paneldiskusjon
I panelet: Representantar frå ungdomsparia SU, AUF, UH og FPU. Harald Martin Hjelle frå Høgskolen i Molde. Møre og Romsdal fylkeskommune. Gjermund Kvernmo Langset, leiar av Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund
20.00 Arrangement er over

 

Kven står bak?


Vi vil fram arrangerast av Region Ålesund i samarbeid med ungdomsråda i kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund.
Kvar kan eg melde meg på?

Meld deg no på facebookarrangement for oppdateringar, slik at du den 27. april  er klar for å si di meining om kollektivtilbodet. Velkomen!

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119