Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Nye Ålesund møtast på historisk grunn

styringsgruppe skodje 1303Styringsgruppa til nye Ålesund skal på møtet 20. april, arbeide med å revidere intensjonsavtalen, demokratiutvikling og planlegge felles kommunestyremøte.

Møtet blir halde 20. april på Middelaldermuseet i Borgundgavla i Ålesund.

Intensjonsavtalen

Den gjeldande intensjonsavtalen bygger på intensjonsavtalen  for regionkommune Ålesund og blei våren 2016 omarbeida til å vere ein avtale mellom Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund. Den er ikkje revidert sidan juni i fjor.

Etter den siste revideringa, gjorde kommunestyret i Haram vedtak om at kommunen ikkje ønskte å bli med vidare. Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom 7. april med ei innstilling til Stortinget som seier at dei vil ha Haram inn i nye Ålesund på tvers av lokale vedtak.

Ørskog var med i forhandlingane for regionkommune Ålesund, men trakk seg frå vidare forhandlingar då storkommunen stranda. Kommunestyret i Ørskog vedtok å gå inn igjen i arbeidet med nye Ålesund i november 2016. 

Styringsgruppa skal ha gruppearbeid for innspel til revisjon av avtalen.

Lokaldemokrati

Utvikling av lokaldemokratiet er viktig for at nye Ålesund kommune skal lykkast. Målet er å ha eit levande lokaldemokrati og sikre medverknad for lokalpolitikarane og innbyggarane i alle delar av den nye kommunen.

Mads Solberg er tilsett i ei prosjektstilling for å utvikle nærdemokratiet. Styringsgruppa får ein presentasjon og får kome med innspel til vidare arbeid med lokaldemokrati.

Det skal også opprettast ei eiga gruppe, samansett av representantar frå alle kommunane, som skal arbeide med demokrati og medverknad i prosjektet.

Politisk organisering

Dei fleste arbeidsgruppene som er nedsett til no, er administrative. Ei av gruppene skal ta for seg korleis den politiske organiseringa skal vere i den nye kommunen.

Arbeidet med korleis administrasjonen skal organiserast kjem i gang når prosjektleiar/prosjektrådmann er på plass. Etter hand vil det vere naturleg å få arbeidsgrupper som tar for seg organisering av skule/SFO, barnehage, sjukeheimar, osb.

Felles kommunestyremøte

Styringsgruppa blir orienterte om planlegginga av eit felles kommunestyremøte.

8. juni behandlar Stortinget forslaget til endringar i kommunestrukturen. Etter det skal Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund ha eit felles kommunestyremøte 21. juni. Det blir over 130 politiske representantar som skal samlast denne dagen.

Det er fylkesmannen som kallar inn til dette møtet. Eit felles kommunestyremøte er naudsynt fordi Haram er foreslått samanslått på tvers av lokale vedtak. Om dei deltakande kommunane hadde hatt gjensidige vedtak, kunne nye Ålesund søkt fylkesmannen om fritak frå felles kommunestyremøte.

På det felles kommunestyremøtet gjer dei involverte kommunane likelydande vedtak som fylkesmannen oversender til Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Det sjette møtet i styringsgruppa blir halde på Middelaldermuseet i Borgundgavla (på vegen opp mot Borgund kyrkje), 20. april klokka 09.00 - 16.00.

Her er pdfinnkallinga og sakspapir.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119