Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Byregionsamling i Ålesund

byregionsamling foto haavard ese Eliassen, distriktssenteret230 deltakarar frå byregionar i heile landet samlast 22. – 23. mars i Ålesund for å dele kunnskap og erfaringar.

Dei 37 byregionane i landet samlast to gonger i året for å bygge nettverk. Her løftast arbeidet som gjerast ute i byregionane fram, og regionane deler sine erfaringar.

Hovedtema for samlinga i Ålesund er Handlingsrom for næringsretta samfunnsutvikling. Korleis skal reionane skape større handlingsrom og betre utviklingskapasiteten for å oppnå meir vekstkraftige byregionar?

Region Ålesund er allereie godt i gang med dette arbeidet. Fredag 10. mars hadde Rådet for Region Ålesund sitt første møte. Rådet har representantar frå det offentlege - både fylkeskommune og kommunar, ungdomspolitikarar, ordførarar og administrasjon, forsknings- og utdanningsmiljø, nærings- og samfunnsliv. Målet med rådet er å samarbeide om å hjelpe regionen til å rigge seg for framtida, kome med råd og innspel og sjå  moglegheitene vi har for utvikling.

Møre og Romsdal har tre byregionprosjekt – Molderegionen med kommunane Molde, Aukra, Eide, Fræna, Nesset, Midsund, Rauma og  Vestnes, Kristiansundregionen med kommunane Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Halsa, Smøla og Aure og Ålesundregionen med kommunane Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund.

Byregionprogrammet skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrke den regionale vekstkrafta i desse områda. 37 byregionar med til saman 213 kommunar er med. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som står bak programmet som blir avslutta i 2018. Distriktssenteret driftar eit læringsnettverk for regionane og legg til rette for kunnskapsdeling mellom dei ved jamlege samlingar.

Den nasjonale samlinga i Ålesund har deltakarar frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord, og deltakarane er både prosjektleiarar, ordførarar, rådmenn, næringssjefar og næringslivsfolk. Samlinga skal inspirere, utfordre og gje kunnskap.

Her er programmet for byregionsamlinga i Ålesund.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119