Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Nye Ålesund vil tenkje nytt

kommunereform skodjeDen nye kommunen skal ikkje berre bli ein samanslåing av kommunar, nye Ålesund vil ta med seg det beste frå alle og bli ein betre kommune.

Den nye kommunen har eit motto:

Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil skal vi tore å gjere noko med.

Mottoet blei utarbeida under arbeidet med intensjonsavtalen i fjor og det var i den anda styringruppa møttast til møte på Skodje 13. mars. Møtet hadde stort fokus på verdiar, visjonar og innovasjonstenking. Målet er å ta med seg det beste frå alle kommunane og skape ein kommune med betre tenester og medverknadsmoglegheiter for innbyggarar og lokalpolitikarar. Bygginga av ein ny kommune skal bere preg av innovasjon og fornying, ikkje berre fusjonering.

Eit konkret vedtak frå møtet som peikar i den retning, er vedtaket om å søke om skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Nye Ålesund kommune søkjer pengar for å klare å utnytte mogelegheitsrommet kommunen har i byggjeprosessen 2017-2020 til å utvikle både strukturar og kultur som fremmer fornying og innovasjon på ein meir systematisk måte enn det kvar enkelt kommune har tradisjon for i dag.  

Visjon og verdiar

For å riktig sette styringsgruppa i utviklingshumør ,var det lagt opp til gruppearbeid. Visjonen Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet, lå til grunn.

Deltakarane tok utgangspunkt i Ålesund kommune 2025 og gjekk konkret inn i kva arbeid som må gjerast for å nå måla.

Gruppearbeidet og tankane rundt arbeidet som må gjerast, skal vere til hjelp når dei forskjellige prosjekta skal arbeide fram den nye kommunen.

Organisering av arbeidet

Arbeidet for å nå fram til ein ny kommune er delt opp i fleire delprosjekt, til dømes:

  • Personal og omstilling
  • Kommunikason
  • Kartlegging av interkommunalt samarbeid
  • Digitalisering og IKT
  • Arkiv
  • Økonomi
  • Innkjøp
  • Matrikkel, kart og oppmåling
  • Planstrategi og plansamording
  • Kulturbygging og verdiar

I tillegg vil det bli delprosjekt for blant anna demokrati/ medverknad, administrativ og politisk organisering og etter kvart prosjektgrupper innanfor dei ulike områda som Skole og SFO, barnehagar, sjukeheimar osb. Gruppene innanfor dei ulike områda vil først starta når det er klart korleis den nye kommunen skal organiserast.

Dette var det første møtet Haram var med på etter at regjerings- og stortingspartia har informert om at dei vil innstille på at Haram skal inngå i nye Ålesund kommune.Haram kommune deltok i dette styringsgruppemøtet med sitt tidlegare forhandlingsutval, rådmann og tillitvald.

Kommunestyret gjer formelle val til styringsgruppa i kommunestyremøte 6. april.

Det er mogleg å lese pdfheile referatet frå styringsgruppemøtet og sjå liste over alle deltakarane.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119