Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Kven er Årets Bedrift?

AArets Bedrift 2017 No kan du nominere ei bedrift, lita eller stor, som har gjort ein innsats for samfunnet og fortener utmerkinga som Årets Bedrift. Send inn ditt forslag innan 1. februar. 

Fylkeskommunen ønsker å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet.

Difor deler dei kvart år ut prisen til ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg.

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren, og prisen blir delt ut under fylkestinget i April.

Kven kan eg nominerE?

- Det kan vere bedrifter som i løpet av 2017 har gjort ein ekstra innsats på innovasjon og nyskaping, kompetanse- eller organisasjonsutvikling eller som har klart å skape positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef i fylkeskommuna, Bergljot Landstad.

- Kandidatane kommer frå alle bransjar innan industri, handverk og service. Det er stor omstillings- og nyskapingsevne i vårt fylke, og vi håpar det kommer inn mange forslag, seier ho.

Sjå gjerne tidligare vinnarar på fylkeskommunen sine heimesider.

Kvar kan eg nominere mi bedrift?

Send inn ditt forslag på www.mrfylke.no/aretsbedrift innan torsdag 1. februar 2018.

Skriv kort om bedrifta og kvifor du meiner bedrifta fortener prisen.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119